Seremonien

Gravferda/bisetjinga skal som hovudregel finna stad innan 10 virkedagar etter dødsfallet.

Den eller dei som er ansvarleg for gravferda må, i samsvar med avdøde sitt ynskje, ta stilling til om det vert gravferd eller bisetjing (og kremasjon). Vidare må ein velja type seremoni.

Dei fleste vil ha kyrkjeleg gravferd, men det finst fleire typar seremoniar.

Kyrkjeleg seremoni

Her er hovudtrekka i Den Norske Kyrkje både for gravferd og bisetjing.

Dei frikjyrkjelege er noko friare med innhaldet og rekkefylgja, men har mykje av det same.

  • Inngongsmusikk
  • Klokkeringing
  • Event. solosong / musikkstykke
  • 1.salme
  • Velkomstord og minnetale
  • Kranspålegging
  • Skriftlesing
  • 2.salme
  • Tale
  • 3.salme
  • Event. solo/musikk

Ved gravferd vert no kista boren ut (og event. køyrt i kortesje) til gravstaden. Her vert det sunge ei salme, så jordpåkasting, senking, velsigning og ei salme til slutt. Avsluttast med 3×3 klokkeslag.

Ved bisetjing er det jordpåkasting inne i kyrkja før ein ber kista ut til bårebilen, som så køyrer til krematoriet medan dei sørgjande står att og ser på.

Personleg seremoni

Dette er ein tru- og livssynsnøytral seremoni. Ein kan velja kva innhald ein ynskjer, om ein vil ha religiøse innslag eller ikkje. Dette vil seie at seremonien ikkje er sett opp av trussamfunn eller livssynsorganisasjon.

Dei pårørande står heilt fritt til å velja innhald og tema, og kven som skal forretta.

Kommunen skal ha lokalitetar som kan nyttast til heilt nøytrale seremoniar.

Humanistisk seremoni

Denne vert halden i regi av Human-Etisk Forbund.

Det er ikkje faste ritual, men seremonien vert gjerne fylt med song, musikk, diktlesing og minnetale som skal danne ei ramme rundt avdøde sitt liv.

Minnesamvær

Vi har i Noreg lang tradisjon for å samla familie, slekt og vener til minnesamvær etter seremonien.

I dei seinare år ser vi at ikkje alle ynskjer å ha ei slik samling.

I minnesamværet er det vanleg å seie nokre ord i starten, om korleis ein tenkjer seg denne stunda, og medan ein sit til bords og et saman, vert det gjerne delt minner og opplevingar og tankar rundt den som no er borte.

Det er òg mykje bruka å ha litt innslag av song.

På denne måten kan den avdøde minnast og heidrast i fellesskap, og mange opplever at denne stunda er til god hjelp i sorgprosessen.

Minnesamværet kan haldast i heimen eller i eit leigd lokale.

Vi kan hjelpa til med bestilling av lokale/mat.

Forslag til salmar ved gravferd: