Gravferd eller bisetjing

Det kan i dagleg tale oppstå noko forvirring med uttrykka gravferd og bisetjing, eller begravelse og bisettelse som er bokmålsuttrykka.

Me brukar ordet gravferd om seremoniar der me etter seremonien følgjer kista til grava, og senkar kista.

Bisetjing brukar me om seremoniar der avdøde skal sendast til kremasjon, og at urne skal setjast ned seinare.

Som regel er det næraste familie som tar avgjerda. Ofte er familien kjent med avdøde sitt ynskje i dette spørsmålet. Nokon skriv òg ned sine ynskje medan dei lever. Dette er til stor hjelp for familien. Me vil anbefala å sjekka ut om det finst slike skriv.

Spør oss gjerne om det er ting som er uklart.

Gravstad

Noko av det første er å kontakta gravferdsbyrå som kan gje råd om det som må gjerast. Dei av nær familie som eventuelt ikkje veit om dødsfallet bør òg kontaktast.

Når gravferdsbyrået har meldt frå om dødsfallet, får alle dei offentlege kontora (folkeregisteret, tingretten, NAV, kyrkja, lensmannen) denne meldinga.

Det er mange andre instansar som òg kan vera viktig å informera. Dette er ei oppgåve familien sjølv har ansvar for, men me kan sjølvsagt hjelpa til der det trengst.

Minnelund

På Bremnes kyrkjegard er det ein minnelund med to typar stellfrie urnegraver. Eine delen har ein felles namnestein, medan på den andre delen er det ein stein der kvar einskild har ei eiga namneplate i bronse.

Oskespreiing

Personar som har fylt 15 år kan søkja Statsforvaltaren om løyve til at oska kan spreiast for vinden på godkjend stad. Løyve om dette kan òg gjevast til den som er ansvarleg for gravferda om det kan bekreftast at dette var avdøde sitt ynskje.

Spreiing av oska er eit alternativ til gravlegging. Det er difor ikkje mogeleg å få namn og data på gravminne på kyrkjegarden dersom ein vel dette alternativet.

Mitt siste ynskje…

Døden kjem til oss alle når dette livet tar slutt. Stadig fleire ynskjer å leggja planar for korleis dei ynskjer gravferda skal vera.

Det kan vera mange grunnar til dette. Nokon har ikkje nær familie. Andre vil gjerne letta børa for sine når dagen kjem, slik at dei slepp å ta så mange vanskelege val. Det kan òg vera at ein gjerne vil skapa ei ramme kring eigen død og gravferd som er i tråd med eige liv og tru. Det kan vera song eller salme, dikt, musikk eller eit spesiell tekst-/bibelord ein gjerne ville ha med.

Det er greitt at slike ynskje og planar vert nedskrivne. Ta gjerne kontakt om du treng råd, eller vil ha skjema for utfylling av dine ynskje.