Melding om dødsfall

Noko av det første er å kontakta gravferdsbyrå som kan gje råd om det som må gjerast. Dei av nær familie som eventuelt ikkje veit om dødsfallet bør òg kontaktast.

Når gravferdsbyrået har meldt frå om dødsfallet, får alle dei offentlege kontora (folkeregisteret, tingretten, NAV, kyrkja, lensmannen) denne meldinga.

Det er mange andre instansar som òg kan vera viktige å informera. Dette er ei oppgåve familien sjølv har ansvar for, men me kan sjølvsagt hjelpa til der det trengst.

HER KJEM EI LISTE PÅ NOKRE AV DEI SOM DØDSFALLET GJERNE BØR MELDAST TIL:

– Arbeidsgjevar
– Posten
– Bank og forsikring
– Aviser
– Telefonselskap
– Kabel-TV
– Andre abonnement eller faste gjevartenester
– Bustadsamskipnad eller huseigar
– Lege/tannlege
– Pensjonskasse
– Fagforening
– Straumleverandør
– Biltilsynet
– Hjelpemiddelsentral

Dødsannonsen

Det er vanleg å kunngjera dødsfallet gjennom annonse i ei eller fleire aviser. Annonsa inneheld vanlegvis opplysning om avdøde sitt namn og alder, namn på dei næraste, samt tidspunkt for gravferd/bisetjing.

Om familien har ynskje om seremoni i stillhet, kan ein setja inn annonsa etter gravferda.

Erfaring syner at det kan vera til god hjelp i sorga med openheit, og at andre i samfunnet rundt kan syna deltaking og støtta opp om dei sørgjande. Det er dei næraste som tar avgjerda om kunngjering.

Så snart tidspunkt for gravferd er sett, kan annonsa setjast inn.

Me kan hjelpa til med utforming og innrykk av annonsa om det er ynskjeleg.

Forslag til minneord i annonsen

Det kan vera til hjelp å sjå nokre forslag til minneord i annonsen, så kan ein finna det rette eller kombinera fleire slik at det blir som ein ynskjer.