Samtalen / planlegging

Det kan vera viktig å setja av eit tidspunkt så snart som råd for ein samtale og planlegging av det som vidare skal skje. Dei fleste kjem til vårt kontor, men me kan òg koma heim til familien om det er ynskjeleg. Denne samtalen kan finna stad på dagtid, kveld eller i helga.

Under samtalen finn ein ut kva familien sjølv ynskjer å gjera, og kva me som gravferdsbyrå skal hjelpa til med. Det er mange ting som skal planleggast, slik som dødsannonse, eventuell båreandakt eller syning, tid og stad for gravferd, innhaldet i seremonien, songhefte, etc.

Båreandakt / syning

Å få sjå den avlidne etter at vedkommande er stelt og ligg i kista, kan for mange vera ein viktig del i bearbeidinga av sorga. Det kan avtalast tid der ein eller fleire får ei stille stund til å ta farvel.

Ofte kan dette gjerast ved at dei næraste samlar seg til ein båreandakt eller liknande.

Båreandakten gjev ei fin ramme for samlinga rundt kista, og inneheld som oftast ein eller to songar og ein kort andakt som gjerne avsluttast med Fader Vår. Det kan òg vera rom for å dela minner og gode opplevingar ein har hatt saman med den som no er død.

Deretter er det som oftast tilbod for dei som ynskjer å få sjå avdøde.

Forslag til salmar ved gravferd