Produkt

Bømlo Gravferdsbyrå tilbyr ein del produkt knytt til gravferda. Våre faste leverandørar er valde ut gjennom god samarbeid gjennom mange år og borgar for god kvalitet og service.

Nokon av produkta me kan tilby
SONGPROGRAM

Songprogramma lagar me etter dykkar ynskje. Me har fleire forlag til korleis dei kan sjå ut. Ynskjer du bilde av avdøde eller andre motiv som er knytt til avdøde legg me gjerne inn det.

Våre leverandørar

Me har nært samarbeid med gode leverandørar innan blomar/kransar, songhefter, kister/urner og gravminne.

Blomar/kransar

Me har avtale med dei 3 blomsterbutikkane på Bømlo, og kan hjelpa med bestilling om det er ynskjeleg.

Kister og urner

Trostrud-Freno er Norges leiande kisteleverandør. Fabrikken vart etablert i 1936. Ein stor del av produksjonen går føre seg i produksjonslokale deira på Lena, i Østre Toten kommune. Som ein del av Fredahlkonsernet, tilbyr dei òg Fredahl sitt omfattande sortiment av kister og utstyr.

Gravminner

Vår leverandør innan gravminne er Brødrene Strand Stenhuggeri AS.

Brødrene Strand Stenhuggeri as er ei tradisjonell produksjonsbedrift for bearbeiding av naturstein. Dei lagar gravminne i alle steinsortar og dekker det ynskje av modell kunden måtte ha.