Prisar

Pris på gravferder kan variera ein del, etter kva ein vil ha. Det dreiar seg om val av kiste, blomar, antal og størrelsar på annonser, eventuelt minnesamvær etc. Vidare er det stor skilnad på kva ein ynskjer av gravminne.

Me vil gje råd og hjelpa dei pårørande med å få ei god og verdig avskjed òg med tanke på økonomi. Me vil her koma med eit par døme på kostnader og vår prisliste.

Priseksempel 1

Ei «vanlig» gravferd

Samtale på vårt kontor. Kvit kiste u/profiler med svøp og utstyr i kiste. Transport og klargjering av kiste, stell og nedlegging i kiste, båretansport til kyrkje/bedehus/gravlund.

Administrativt arbeid med meldingar, annonse, blomar, tilrettelegging seremoni, 100 songprogram.

Assistanse ved seremoni.

  • Byråets varer og tenester: kr. 22.000,-
  • Utlegg til blomar (4.000,-) og annonse i BN (2.000,-): 6.000,-
  • Gravferd, totalt kr. 28.000,-
Priseksempel 2

Ei «noko meir påkosta» gravferd

Våre varer og tenester som eksempel 1, men med fylgjande endringar og tillegg: Dyrare kiste med profilar og anna utrustning eller tresort, privat minnestund m/visning og eller andakt.

Assistanse ved seremoni.

  • Byråets varer og tenester: kr. 29.000,-
  • Utlegg til blomar (7.000,-) og annonse i BN+HA (4.500,-) Solist (2.000): 13.500,-
  • Gravferd, totalt kr. 42.500,-
prisliste
    pynting og diverse utstyr

    • Trekors m/navn:  600,-
    • Leige av utstyr til sermoni/pynting: 950,-
    • Bårbukett/Blomster: (variabel)
    • Planting og stell av graver, Årsavtale: 1500,-
    tenester utført av byrå

    • Avgiftspliktig honorar: 1375,-
    • Klargjøring/Startgrunnlag bil: 990,-
    • Bompenger/Ferge: (variabel)
    • Transport m/bårebil: 19,-
    • Svøping i kiste/syning: 800,-
    • Transport med bårebil (minstetakst): 1750,
    • Sjåfør/Konsulent (minstetakst 2 timer): 790,-
    • Assistent timer (minstetakst 2 timer): 790,-
    • Båreandakt/Minnestund: 1200,-
    • Byråhonorar: 2550,-
    • Assistanse under sermoni: 1500,-
    • Nedlegging i kiste/stell: 1380,-
    • Konferanse i heimen: 1000,-
    Sangprogram
    • Sangprogram:
      100 sangprogram: 1500,-
      150 sangprogram: 2250,-
      200 sangprogram: 2800,-
      250 sangprogram: 3500,-
      300 sangprogram: 3900,-
    • Solist musikk: (etter tilbud)
    • Solosang 2 sanger: 2000,-
    Kister
    • Kiste Hvit Standard 65/ 50: 7590,-
    • Kiste Hvit Standard 65/ 50 XLB: 8450,-
    • Kiste Furu 66: 8525,-
    • Kiste Lilje 67: 10.000,-
    • Utstyr til kiste, silke (teppe, pute, beheng): 1190,-
    • Kiste Diamant 26 i hvit eller svart: 25.000,-
    • Barnekiste 60cm: 4000,-
    • Barnekiste 70 cm: 4200,-
    • Barnekiste 95 cm: 4700,-
    • Barnekiste 130 cm: 5200,-
    • Fosterkiste: 2000,-
    • Diverse materiell ved nedlegging: 375,-
    • Katastrofepose kraftig plast: 1250,-
    • PVC Likpose: 600,-
    • Urne standard: 500,-
    • Bringing av Urne: 700,-

    Arv og skifte

    Arv og skifte kan vera noko av det som er ekstra vanskeleg og sårt ved eit dødsfall. Me melder alltid frå til lensmann/skifterett der den avdøde høyrde til. Etter gravferda må så dei pårørande ordne med skifte av buet. Dette kan gjerast på fleire måtar.

    Dei pårørande kan sjølv stå ansvarleg for dette, og må då melda frå til Lensmann/skifterett kven som er arvingar og kven som er vald til bustyrar.

    Andre alternativ er å engasjera advokat som tar seg av det heile, eller be om offentleg skifte.

    Iblant kan det vera vanskeleg å finna fram i alle lovar og reglar som gjeld, slik at det er godt å få hjelp.

    Vårt byrå har òg god kontakt med to av våre tidlegare lensmenn, som med sin gode juridiske erfaring og kompetanse tar på seg rådgjevingsoppdrag i samband med arv og skifte. Me kan formidla kontakt om ynskjeleg.

    Kven er arvingar?

    Denne teksten er henta frå Norges domstoler.

    Du er arving dersom du er tilgodesett i testamentet til den avlidne, eller dersom arvelova fastset det. Har ikkje den avlidne skrive testamente, følgjer det altså av arvelova kven som er arvingar.

    I arvelova er det også reglar om kva krav på arv livsarvingane (barn og barnebarn) har.

    Sambuarar med felles barn får ein avgrensa rett til uskifte og ein avgrensa rett til arv etter endringar i arvelova i 2009. Sambuarar utan felles barn må fortsatt skrive testament dersom dei ønskjer at den attlevande sambuaren skal ha rett til arv.

    Registrerte partnarar er jamstilte med ektemakar. Det som blir sagt om ektemakar nedanfor, gjeld derfor også for registrerte partnarar. Tingretten hjelper deg med å setje opp ei liste over arvingar.

    Er eg arving etter arveloven, 1., 2. og 3. arvegangsklasse?

    Barn og barnebarn

    ”Første arvegangsklasse” i arvelova er barn og barnebarn av den døde. Arven går som hovudregel til barna. Men dersom barna ikkje lenger er i live, går arven vidare til barna deira, det vil seie barnebarna. Dersom den avlidne korkje har barn eller barnebarn, går arven vidare til mor og far.

    Mor, far, sysken, nieser og nevøar

    Mor og far er ”andre arvegangsklasse”. Dersom mor eller far ikkje lenger er i live, går arven vidare til barna deira (syskena til den døde).

    Dersom heller ikkje nokon av dei er i live, går arvedelen deira vidare til deira barn igjen (nevøar eller nieser av den døde). Om ein nevø eller ei niese ikkje er i live, men har eigne barn, går arven også her vidare.

    Halvsysken til den avlidne er også i andre arvegangsklasse. Men dei arvar berre den av foreldra som dei hadde felles med den avlidne. Det er berre når den avlidne ikkje har slektningar i andre arvegangsklasse, at arven går vidare til besteforeldre, tanter og onklar.

    Beste­foreldre, tanter, onklar, fetrar og kusiner

    Besteforeldra er tredje arvegangsklasse. Dersom besteforeldra ikkje er i live, går arven vidare til barna deira, altså tanter og onklar til den døde. Dersom dei heller ikkje er i live, går arven vidare til barna deira, altså fetrar og kusiner.

    Arven går til staten dersom det ikkje finst slektningar i denne arvegangsklassen, og dersom den avlidne ikkje har skrive testamente til fordel for andre. Barn av fetrar eller kusiner av den døde er ikkje arvingar etter arvelova.

    For ytterlegare informasjon, sjå Orientering til arvinger.

    En bondebegravelse, av Erik Werenskiold

    Gravferds­skikkar
    – ein del av kulturen vår

    Det som skjer i samband med eit dødsfall kan sjåast på som kulturelle mønster som er til hjelp for oss i sorgprosessen. Rituala eller gravferdsskikkane er gode ved at dei gjev struktur og tryggleik i ei tid der ein ofte opplever kaos, og kjenner seg hjelpelaus. Gravferdsskikkane som det faste mønsteret av handlingar, ord og tonar er forutsigbart og trygt, samstundes som dei opnar for å sjå tapet av den døde i ein større sosial samanheng.

    Gravferda er ein viktig del av sorgprosessen. Akkurat difor er det så fint å oppleva at tradisjonane utgjer ei ramme som dei pårørande kan fylle med innhald som har verdi for dei. Dei kan også vera med på å prege gjennomføringa av gravferda på ein personleg måte som gjev uttrykk for deira kjensler og tankar, og som opplevast rett og ekte for dei.

     

    Mykje av transporten gjekk sjøvegen i vårt distrikt for ein del år sidan.