Alle tenester ved dødsfall og gravferder.
Sal av gravmonument.

Vi legg vekt på at det som skjer etter eit dødsfall, med samtale, stell av avdøde, syning/båreandakt og gravferd skal gjerast på ein verdig og god måte, og så langt som råd er etter avdøde sitt ynskje.

For mange kjem no ei tung og vanskeleg tid. Samstundes med sorga og kjenslene som strøymer på, er det mange avgjerder som skal takast. Planlegging av gravferd og seremoni, kontakt med det offentlege, med familie og samfunnet rundt, alt dette kan verta ei belastning midt i sorga og saknet.

Den eller dei som er ansvarleg for gravferda må, i samsvar med avdøde sitt ynskje, ta stilling til om det vert gravferd eller bisetjing (og kremasjon). Vidare må ein velja type seremoni.