Når nokon døyr

Døden er gjerne eit tema me ikkje snakkar mykje om. Difor kan me vera lite budde når nokon av våre nære døyr.

For mange kjem no ei tung og vanskeleg tid. Samstundes med sorga og kjenslene som strøymer på, er det mange avgjerder som skal takast. Planlegging av gravferd og seremoni, kontakt med det offentlege, med familie og samfunnet rundt; alt dette kan verta ei belastning midt i sorga og saknet.

Det er i slike høve det er godt å vita at det finst nokon som kan hjelpa. Nokon som kjenner til rutinar, formalitetar og kven som må kontaktast.

Enkelte ynskjer å gjera det meste sjølv, medan andre kjenner det er godt å kunne overlata det meste av det praktiske til eit gravferdsbyrå.

Som gravferdsbyrå står me til teneste med råd og hjelp slik du måtte ynskje.
Saman kan me finna fram til ein verdig og god seremoni, og elles anna som er nødvendig etter eit dødsfall.

Noko av det vi kan hjelpa med
Kontakta

– Lensmann
– Prest / gravferdstalar
– Kyrkja / trussamfunn
– Organist
– Kyrkjeverje (gravar)
– Solist / musikar
– NAV
– Lokale for minnesamvær

Hjelpa til med

– Dødsannonse
– Bestilling av songprogram
– Bestilling av blomar / kransar

Vi står til teneste med

– Stell og nedlegging i kiste
– Båretransport
– Båreandakt eller syning
– Gravferdsseremonien
– Sal og montering av gravminne
– Oppretting, oppussing av gravminne, og namnetilføying
– Gravlegat (stell / blomeplanting)