Når nokon døyr

Døden er gjerne eit tema me ikkje snakkar mykje om. Difor kan me vera lite budde når nokon av våre nære døyr.

For mange kjem no ei tung og vanskeleg tid. Samstundes med sorga og kjenslene som strøymer på, er det mange avgjerder som skal takast. Planlegging av gravferd og seremoni, kontakt med det offentlege, med familie og samfunnet rundt; alt dette kan verta ei belastning midt i sorga og saknet.

Det er i slike høve det er godt å vita at det finst nokon som kan hjelpa. Nokon som kjenner til rutinar, formalitetar og kven som må kontaktast.

Enkelte ynskjer å gjera det meste sjølv, medan andre kjenner det er godt å kunne overlata det meste av det praktiske til eit gravferdsbyrå.

Som gravferdsbyrå står me til teneste med råd og hjelp slik du måtte ynskje.
Saman kan me finna fram til ein verdig og god seremoni, og elles anna som er nødvendig etter eit dødsfall.

Noko av det vi kan hjelpa med er:
Kontakta

– Lensmann
– Prest / gravferdstalar
– Kyrkja / trussamfunn
– Organist
– Kyrkjeverje (gravar)
– Solist / musikar
– NAV
– Lokale for minnesamvær

Hjelpa til med:

– Dødsannonse
– Bestilling av songprogram
– Bestilling av blomar / kransar

Vi står til teneste med:

– Stell og nedlegging i kiste
– Båretransport
– Båreandakt eller syning
– Gravferdsseremonien
– Sal og montering av gravminne
– Oppretting, oppussing av gravminne, og namnetilføying
– Gravlegat (stell / blomeplanting)

Melding om dødsfall

Noko av det første er å kontakta gravferdsbyrå som kan gje råd om det som må gjerast. Dei av nær familie som eventuelt ikkje veit om dødsfallet bør òg kontaktast.

Når gravferdsbyrået har meldt frå om dødsfallet, får alle dei offentlege kontora (folkeregisteret, tingretten, NAV, kyrkja, lensmannen) denne meldinga.

Det er mange andre instansar som òg kan vera viktige å informera. Dette er ei oppgåve familien sjølv har ansvar for, men me kan sjølvsagt hjelpa til der det trengst.

HER KJEM EI LISTE PÅ NOKRE AV DEI SOM DØDSFALLET GJERNE BØR MELDAST TIL:

– Arbeidsgjevar
– Posten
– Bank og forsikring
– Aviser
– Telefonselskap
– Kabel-TV
– Andre abonnement eller faste gjevartenester
– Bustadsamskipnad eller huseigar
– Lege/tannlege
– Pensjonskasse
– Fagforening
– Straumleverandør
– Biltilsynet
– Hjelpemiddelsentral

Dødsannonsen

Det er vanleg å kunngjera dødsfallet gjennom annonse i ei eller fleire aviser. Annonsa inneheld vanlegvis opplysning om avdøde sitt namn og alder, namn på dei næraste, samt tidspunkt for gravferd/bisetjing.

Om familien har ynskje om seremoni i stillhet, kan ein setja inn annonsa etter gravferda.

Erfaring syner at det kan vera til god hjelp i sorga med openheit, og at andre i samfunnet rundt kan syna deltaking og støtta opp om dei sørgjande. Det er dei næraste som tar avgjerda om kunngjering.

Så snart tidspunkt for gravferd er sett, kan annonsa setjast inn.

Me kan hjelpa til med utforming og innrykk av annonsa om det er ynskjeleg.

Forslag til minneord i annonsen:

Curabitur non nulla sit amet nisl tempus convallis quis ac lectus. Vestibulum ac diam sit amet quam vehicula elementum sed sit amet dui.

Gravferd eller bisetjing

Det kan i dagleg tale oppstå noko forvirring med uttrykka gravferd og bisetjing, eller begravelse og bisettelse som er bokmålsuttrykka.

Me brukar ordet gravferd om seremoniar der me etter seremonien følgjer kista til grava, og senkar kista.

Bisetjing brukar me om seremoniar der avdøde skal sendast til kremasjon, og at urne skal setjast ned seinare.

Som regel er det næraste familie som tar avgjerda. Ofte er familien kjent med avdøde sitt ynskje i dette spørsmålet. Nokon skriv òg ned sine ynskje medan dei lever. Dette er til stor hjelp for familien. Me vil anbefala å sjekka ut om det finst slike skriv.

Spør oss gjerne om det er ting som er uklart.

Gravstad

Noko av det første er å kontakta gravferdsbyrå som kan gje råd om det som må gjerast. Dei av nær familie som eventuelt ikkje veit om dødsfallet bør òg kontaktast.

Når gravferdsbyrået har meldt frå om dødsfallet, får alle dei offentlege kontora (folkeregisteret, tingretten, NAV, kyrkja, lensmannen) denne meldinga.

Det er mange andre instansar som òg kan vera viktig å informera. Dette er ei oppgåve familien sjølv har ansvar for, men me kan sjølvsagt hjelpa til der det trengst.

ETTER DYKKAR ØNSKJE

Etter at urna er komen frå krematoriet (vanlegvis etter 2-3 veker etter bisetjinga) kan ein avtala tidspunkt for urnenedsetjing med kyrkjeverje eller gravferdsbyrå.

Det er vanleg at nokon frå familien er til stades ved nedsetjinga, men om ingen kan vera med, må ein gje beskjed om dette.

Ein representant frå kyrkjegarden eller gravferdsbyrået kjem då med urna og hjelper til. Ynskjer ein å ha prest med, må dette avtalast på førehand.

Spør oss gjerne nærare om detaljer rundt denne handlinga.

Minnelund

På Bremnes kyrkjegard er det ein minnelund med to typar stellfrie urnegraver. Eine delen har ein felles namnestein, medan på den andre delen er det ein stein der kvar einskild har ei eiga namneplate i bronse.

Oskespreiing

Personar som har fylt 15 år kan søkja Fylkesmannen om løyve til at oska kan spreiast for vinden på godkjend stad. Løyve om dette kan òg gjevast til den som er ansvarleg for gravferda om det kan bekreftast at dette var avdøde sitt ynskje.

Spreiing av oska er eit alternativ til gravlegging. Det er difor ikkje mogeleg å få namn og data på gravminne på kyrkjegarden dersom ein vel dette alternativet.

Mitt siste ynskje…

Døden kjem til oss alle når dette livet tar slutt. Stadig fleire ynskjer å leggja planar for korleis dei ynskjer gravferda skal vera.

Det kan vera mange grunnar til dette. Nokon har ikkje nær familie. Andre vil gjerne letta børa for sine når dagen kjem, slik at dei slepp å ta så mange vanskelege val. Det kan òg vera at ein gjerne vil skapa ei ramme kring eigen død og gravferd som er i tråd med eige liv og tru. Det kan vera song eller salme, dikt, musikk eller eit spesiell tekst-/bibelord ein gjerne ville ha med.

Det er greitt at slike ynskje og planar vert nedskrivne. Ta gjerne kontakt om du treng råd, eller vil ha skjema for utfylling av dine ynskje.

Samtalen / planlegging

Det kan vera viktig å setja av eit tidspunkt så snart som råd for ein samtale og planlegging av det som vidare skal skje. Dei fleste kjem til vårt kontor, men me kan òg koma heim til familien om det er ynskjeleg. Denne samtalen kan finna stad på dagtid, kveld eller i helga.

Under samtalen finn ein ut kva familien sjølv ynskjer å gjera, og kva me som gravferdsbyrå skal hjelpa til med. Det er mange ting som skal planleggast, slik som dødsannonse, eventuell båreandakt eller syning, tid og stad for gravferd, innhaldet i seremonien, songhefte, etc.

Båreandakt / syning

Å få sjå den avlidne etter at vedkommande er stelt og ligg i kista, kan for mange vera ein viktig del i bearbeidinga av sorga. Det kan avtalast tid der ein eller fleire får ei stille stund til å ta farvel.

Ofte kan dette gjerast ved at dei næraste samlar seg til ein båreandakt eller liknande.

Båreandakten gjev ei fin ramme for samlinga rundt kista, og inneheld som oftast ein eller to songar og ein kort andakt som gjerne avsluttast med Fader Vår. Det kan òg vera rom for å dela minner og gode opplevingar ein har hatt saman med den som no er død.

Deretter er det som oftast tilbod for dei som ynskjer å få sjå avdøde.

Forslag til salmar ved gravferd: