Gravferd på Bømlo
Me ynskjer å gje deg og dine hjelp i den krevjande tida det er når ein har mista nokon som står ein nær.
ETTER DYKKAR ØNSKJE
Me legg vekt på at det som skjer etter eit dødsfall, med samtale, stell av avdøde, syning/båreandakt og gravferd skal gjerast på ein verdig og god måte, og så langt som råd er etter avdøde sitt ynskje.
MANGE AVGJERDER
For mange kjem no ei tung og vanskeleg tid. Samstundes med sorga og kjenslene som strøymer på, er det mange avgjerder som skal takast. Planlegging av gravferd og seremoni, kontakt med det offentlege, med familie og samfunnet rundt, alt dette kan vera ei belastning midt i sorga og saknet. Me kan hjelpa dykk.