Produkter

Våre leverandørar av produkt

Vi har nært samarbeid med gode leverandørar innan blomar/kransar, kister/urner og gravminne.

Blomar/kransar

Vi har avtale med dei 3 blomsterbutikkane på Bømlo, og kan hjelpa med bestilling om det er ynskjeleg.

Kister og urner

Vår faste leverandør av kister og urner er Trostrud-Freno.

Trostrud-Freno er Norges ledande kisteleverandør. Fabrikken vart etablert i 1936. Ein stor del av produksjonen foregår i deira produksjonslokale, på Lena i Østre Toten kommune. Som ein del av Fredahlkonsernet, tilbyr dei òg Fredahl sitt omfattande sortiment av kister og utstyr.

Gravminner

Dei to hovudleverandørane våre innan gravminne er Brødrene Strand Stenhuggeri as og Eidestein AS

Brødrene Strand Stenhuggeri as er ei tradisjonell produksjonsbedrift for bearbeiding av naturstein. Dei lagar gravminne i alle steinsortar og dekker det ynskje av modell kunden måtte ha.

Eide Stein AS er Norges største bedrift innan bearbeiding av stein.