Arv og skifte

Arv og skifte kan vera noko av det som er ekstra vanskeleg og sårt ved eit dødsfall. Vi melder alltid frå til lensmann/skifterett der den avdøde høyrde til. Etter gravferda må så dei pårørande ordne med skifte av buet. Dette kan gjerast på fleire måtar.

Dei pårørande kan sjølv stå ansvarleg for dette, og må då melda frå til Lensmann/skifterett kven som er arvingar og kven som er vald til bustyrar.

Andre alternativ er å engasjera advokat som tar seg av det heile, eller be om offentleg skifte.

Iblant kan det vera vanskeleg å finna fram i alle lovar og reglar som gjeld, slik at det er godt å få hjelp.

Vårt byrå har òg god kontakt med to av våre tidlegare lensmenn, som med sin gode juridiske erfaring og kompetanse tar på seg rådgjevingsoppdrag i samband med arv og skifte. Vi kan formidla kontakt om ynskjeleg.

Kven er arvingar?

Denne teksten er henta frå Norges domstoler.

Du er arving dersom du er tilgodesett i testamentet til den avlidne, eller dersom arvelova fastset det. Har ikkje den avlidne skrive testamente, følgjer det altså av arvelova kven som er arvingar.

I arvelova er det også reglar om kva krav på arv livsarvingane (barn og barnebarn) har.

Sambuarar med felles barn får ein avgrensa rett til uskifte og ein avgrensa rett til arv etter endringar i arvelova i 2009. Sambuarar utan felles barn må fortsatt skrive testament dersom dei ønskjer at den attlevande sambuaren skal ha rett til arv.

Registrerte partnarar er jamstilte med ektemakar. Det som blir sagt om ektemakar nedanfor, gjeld derfor også for registrerte partnarar. Tingretten hjelper deg med å setje opp ei liste over arvingar.

Er eg arving etter arveloven, 1., 2. og 3. arvegangsklasse?

Barn og barnebarn

”Første arvegangsklasse” i arvelova er barn og barnebarn av den døde. Arven går som hovudregel til barna. Men dersom barna ikkje lenger er i live, går arven vidare til barna deira, det vil seie barnebarna. Dersom den avlidne korkje har barn eller barnebarn, går arven vidare til mor og far.

Mor, far, sysken, nieser og nevøar

Mor og far er ”andre arvegangsklasse”. Dersom mor eller far ikkje lenger er i live, går arven vidare til barna deira (syskena til den døde).

Dersom heller ikkje nokon av dei er i live, går arvedelen deira vidare til deira barn igjen (nevøar eller nieser av den døde). Om ein nevø eller ei niese ikkje er i live, men har eigne barn, går arven også her vidare.

Halvsysken til den avlidne er også i andre arvegangsklasse. Men dei arvar berre den av foreldra som dei hadde felles med den avlidne. Det er berre når den avlidne ikkje har slektningar i andre arvegangsklasse, at arven går vidare til besteforeldre, tanter og onklar.

Besteforeldre, tanter, onklar, fetrar og kusiner

Besteforeldra er tredje arvegangsklasse. Dersom besteforeldra ikkje er i live, går arven vidare til barna deira, altså tanter og onklar til den døde. Dersom dei heller ikkje er i live, går arven vidare til barna deira, altså fetrar og kusiner.

Arven går til staten dersom det ikkje finst slektningar i denne arvegangsklassen, og dersom den avlidne ikkje har skrive testamente til fordel for andre. Barn av fetrar eller kusiner av den døde er ikkje arvingar etter arvelova.

For ytterlegare informasjon, sjå Orientering til arvinger.