Om oss

Bømlo Gravferdsbyrå vart grunnlagd av Knut og Liv Sortland i 1988 under namnet Sortland Gravferdsbyrå. Dei dreiv det fram til 1997. Undervegs vart namnet endra til Bømlo Gravferdsbyrå. Noverande eigar, Terje Vegstad, kjøpte byrået 1. april 1997, og det er sonen Eivind Vegstad som er dagleg leiar av firmaet.

Hovudområdet vårt er Bømlo kommune. Bømlo Gravferdsbyrå har 5 medarbeidarar som er med ved behov. Gravferdsbyrået er medlem av «VIRKE» og gravferdskonsulentane har fleire års erfaring og Virke Gravferds Fagkurs eller tilsvarande.

Me har kontorlokale i Svortlandsvegen 30 i sentrum av Bremnes, med møterom. Samtalen med pårørande kan haldast her, eller om familien heller ynskjer det, i heimen.

Me legg vekt på at det som skjer etter eit dødsfall, med samtale, stell av avdøde, syning/båreandakt og gravferd skal gjerast på ein verdig og god måte, og så langt som råd er etter avdøde sitt ynskje.

Bømlo Gravferdsbyrå as

Svortlandsvegen 30
5430 Bremnes

Telefon: 53 42 15 40
E-post: post@bomlogravferd.no

SEND OSS MELDING